Suset frå strukturane
Inga Rohde
Kan utstillinga Somethingness ved LNM vere ei påminning om at menneske ikkje alltid treng involvere seg meir enn naudsynt? Medan eg skriv her høyrer eg duren frå ein sirkelsag i bakgarden og vert mint om evig oppussing og modernisering av den fysiske verda, om menneske som flittig men ukritisk styrer på, ryddar opp, tek tak og ikkje finn fred i anna enn synleg produktivitet. Denne trua på at ting alltid vert betre av å gjere meir, av å foredle, transformere og utbetre, er ikkje til stades i Kamilla Omavuoris linlerret og vare penselstrøk.
I «Untitled I» gir det seg utslag i eit utrykk spesielt prega av minimal inngripen, men mentaliteten verkar gjennomgåande i alle måleria. Nokre av strøka er ikkje meir enn lette insinuasjonar i kvitt pigment, nesten kjærteikn over store urørde ørkenlandskap av brun linvev. I «Untitled II» vert dei florlette, turkise energisentrum som hentar si nær magiske kraft frå den ubehandla bakgrunnen. Kva vil det seie at eit måleri er ferdig? Der eit heilt utmålt verk kan synest lukka, opnar det litt uferdige observatørens eigen biletverd. Dei synlege lerretsstrukturane i måleria har den effekten på meg. Eg kjenner suset frå skog og slitasjen frå sandstorm.
Kamilla Omavuori - Untitled I
Men det er ikkje reint organisk. I tillegg til intuitive strøk og sveip av farge, trer gåtefulle geometriar fram frå lerretet, lik ein gammal arkitektur i stål som så vidt held fram under erosjonen. Eg får assosiasjonar til Anne Rolfsens matematiske sentralkomposisjonar, berre slitne ned og dekt av støv i beste forstand. Kart, matriser eller gløymd ingeniørkunst, det er ikkje gitt kva vi ser sveve inn og ut av disen. Ei heller om det er byrjing eller slutt, eit nytt system i emning eller eit som flakkar og døyr. Men ikkje alle gåter skal løysast, og ikkje alle ligninar går opp på måtar vi forstår. Dette er måleri som kan romme mykje i si openheit. Kanskje det er ei stille vi treng, å late noko vere, å la tida gå sin gong.
Stundom kan det kanskje verte problematisk å lese heile samfunnslogikkar inn i ein kunstnarleg prosess. Og i dette tilfellet, rose potensielt slapt arbeid for trøyttande minimalisme som hentar sin verdi stilt opp mot innsats på avvege. Men det er ikkje ein kritikk ein med rimelegheit kan rette mot denne utstillinga. Til det synest den for gjennomtenkt og for prega av var finesse. Ei heller heng tanke, verknad og djupn nødvendigvis saman med tal på strøk lagd ned i prosessen.
Det er nettopp dette måtehaldet som gjer at fargen treff, når han først kjem. Tydelegast vert det i dei to inste måleria. «Untitled IV» heller mot kjølig fiolett og har ein dramatikk i seg, disen frå ein mørk foss, ein vegg av røyk og mystikk. Noko minner meg om Mark Rothkos sørgjebilete. Samstundes finst det rørsle her, og rom for meir enn stille kontemplasjon. «Untitled IV» vert kontrastert av det korngule «Untitled III» som heng til venstre. Bileta utfyller kvarandre i ein subtil komplimenterkontrast, og det vert løn nok for den sandfarga vegen gjennom andre verk. Men ein skal ikkje gå her for å få noko att, utstillinga er snarare for dei som vil sjå røyndas slør blafre litt i vinden. Eg har kjensla av å ha blitt fortalt ein løyndom.