Kven er redd for raud, gul og blå? Overraskande mange folk

Rakeb Berhanu Erana

©Barnet Newman

På slutten av 1800-talet, kom den nye kunstrørsla, modernismen. Frå den tida, byrja kunsten å bevega frå å vera upersonleg og innanfor rigide rammar om kva som er vakkert, til å vera personleg og ekspressiv. Denne overgangen var ingen dans på roser. Who’s Afraid of Red, Yellow and Blue lll, av Barnett Newman, er eit eksemplar for konflikten mellom modernismen og klassisk kunst. I 1986 vart maleriet vandalisert av ein klassisk kunst forkjempar. Dette angrepet sjokkerte kunstmiljøet, og skapte dialogar om kva moderne kunst representerer i eit utviklande samfunn og korleis ein skal restaurera kunstverk.

Newman vart født i 1905 av jødiske immigrantar i New York. Han byrja å måla då han gjekk på vidaregåande skule, og forsetja å måla mens han tok filosofi bachelor. Filosofi er sterkt knyt til kunsten hans, og mykje av verka hans er opptekne av å kontemplera kva kunst for ein til å kjenna, og forholdet mellom kunstnaren og kunsten sin. I 1944 byrja Newman å fokusera på å måla, og måleria hans tok mykje inspirasjon frå surrealisme. Newman var oppteken av å laga abstrakt kunst som var subjektiv og primitiv. Han meinte at kunstnarar som lagar abstrakt kunst burde henta inspirasjonar frå grunnleggjande menneskelege kjensler utan nokon tilknytingar til tradisjonar eller rammar innan kunst satt av menneska. Måleriserien, Who’s Afraid of Red, Yellow and Blue, starta i 1966 og det tredje måleriet i serien vart fullført i 1967.

Who’s Afraid of Red, Yellow and Blue lll stod over to meter høgt og fem meter breidd. Måleriet er dekka av ein livleg raudfarge, og på sidene finn ein ein tynn gul stripe og ein tjukkare blå stripe. Desse stripene kalla han for zip og dei representerte lysstrålar og det guddomlege.

Serien byrja med at Newman ville laga måleri prega av asymmetri og ubalanse. Då han hadde den raude basen på plass, blei han konfrontert med filosofien bak fargar. Newman innsåg at dei einaste fargane som går saman med rødt er dei andre primære fargane, gult og blått. Då byrja han å lura kvifor er det slik at gul og blå er dei einaste fargane som fungerer i måleriet. Kunstnarar hadde satt raudt, gult og blått i ein lukka boks kor dei representerte noko objektivt og gjort dei romantiske. Slik oppfatning om fargar tenkte Newman på som ein udiskutabel sanning som vart fastsett utan bevis. Denne sanninga, dogmet, gav fargar vilkårleg verdi som øydeleggar dei som fargar. Med dette prosjektet, hadde Newman som oppdrag å fria seg sjølv og publikum frå dette dogmet. Difor brukte han desse fargane på ein ekspressiv, subjektiv måte, vekke frå dei rigide ramane som var til stades.

Newman integrerte seg sjølv i maleriet. Han oppfordra publikum til å stå nær verket og inviterte dei til å oppleva kunsten hans med både eins sinnelag og kropp. Minimalismen i maleriet kjem frå Newmans ynskja om å laga kunst som kjem nøyaktig frå eins ufiltrerte, råe menneskelege kjensler. Denne tomheita i måleriet kan gjer ein uroleg. Fargen raud bringer fram intense kjensler, både positive og negative. Ein kan oppleva kjensler av fare, styrke, lidenskap, kjærleik og makt. Bruken av eit gigantisk læret kan få ein til å føla seg liten og ubetydeleg. I kontrast, kan størrelsen minna ein på stordomen på alt og finne komfort og plassen sin i vår grande røyndom. Ubalansen mellom fargane på maleriet skapar ustabilitet og gjer verket dynamisk. Dette representerer ubalansen innan mennesket og i naturen. Ein slik ubalanse for ein til å kjenna seg ukomfortabel og ikkje tilfredsstilt.

Who’s Afraid of Red, Yellow and Blue lll vart møtt med intense og valdsame reaksjonar. I 1986, kutta artisten Gerard Jan Van Bladeren, i eit sjølverklært kunstnarisk utrykk, måleriet i fleire plassar. Van Bladeren meinte at kunstverket var ein fornærming mot kunst som heilheit, og perverterte kva kunst skulle vera. For lovbrytinga hans, fekk han tid i fengsel. Mange opprørte menneske sendte brev til museet som utstilte maleriet i støtte til Van Bladeren. Denne intense reaksjonen kan skuldast av menneske si frykt for store endringar i samfunnet. Kunst har i to tusen år handla om å framstilla det som er vakkert og konkret, og på to hundre år, prøvar radikale kunstnarar å føre eit paradigmeskifte. Ein slik endring går ikkje utan konflikt. Moderne kunst var også assosiert med venstrepolitikk, og klassisk kunst med senter- eller høgrepolitikk. Dette kunne ein sjå under andre verdskrig, då moderne kunst var ulovleg i nazi kontrollerte områdar. Fascistar stilte seg imot moderne kunst sin frie og individualistiske framgangsmåte.

På 80-talet, då nyliberalisme og konservatisme stod sterkt i Europa, var moderne kunst framleis provoserande og radikal.

Etter angrepet på måleriet, vart Daniel Goldreyer tilkalla for å restaurera måleriet. Då måleriet vart utstilt etter restaureringa, la publikum merke til at måleriet ikkje skinna like mykje som den pleidde. Måleriet blei sendt til undersøking, og det vart funnet ut at Goldreyer nytta ein raudmåling som innehald andre ingrediensar enn den Newman brukte. I tillegg, nytta han målerull og malte over delar av måleriet som ikkje vart kutta. Restaurasjonen blei kalla for det andre drapet. I retrospekt, blei måleriet verkeleg drepen? Nei, ikkje nødvendigvis. Ein kan sjå på kunstverk som noko udødeleg. Endring i eit kunstverk kan tolkast som endring i kunstverkets livsgong. Newman snakka om at verka hans skal vere antianekdotiske, at dei skal vere heile, sjølvforsynande og sjølvstendige. Desse kvalitetane bringar måleriet i livet, og det som har skjedd med måleriet gjennom tidene, blir ein del av dens livshistorie. Sjølv angrepet og den mislykka restaurasjonen blir ein del av måleriets livshistorie, og desse hendingane er essensielle for kva måleriet er.

Who’s Afraid of Red, Yellow and Blue lll er eit dynamisk måleri som framleis vekkjer sterke kjensler hjå folk. Når ein ser nærare på måleriet, er det som om ein ser ein refleksjon av seg sjølv. Måleriet får ein til å tenkja på kva som er kunst og kva kunst kan fortelja om oss sjølv.

Previous
Previous

KUK-utstilling

Next
Next

Manchester renaissance painting, they can imitate you but they cant duplicate you